"Gå til hovedinnhold"

Siste bluss frå Søderberg

juni 12, 2007, 23:00 CEST

Dagen i dag er endepunktet for dei siste Søderberg-omnane i Årdal. ÅIII-anlegget, som vart sett i drift i 1961 med 168 omnar, har produsert ikkje mindre enn to millionar tonn aluminium. No er det ugjenkalleleg slutt.

Nedstenginga av ÅIII har vore planlagt sidan i fjor haust og er eit resultat av strengare utsleppskrav frå miljøstyresmaktene. I ein tidleg fase var den viktigaste oppgåva å finne anna sysselsetting for dei om lag 100 tilsette i anlegget. Det ser ut til å vere brei semje i Årdal-samfunnet om at den prosessen har gått bra.

No, i den siste fasen, er den største utfordringa å stengje ned anlegget på ein måte som sikrar best mogleg kvalitet på det siste metallet, mest mogleg metall ut av omnane, at innsatsmiddel kan brukast om att og at arbeidet vert gjort på ein trygg måte.

"Vi kan ikkje berre slå av strømmen"

Da strømmen onsdag 13. juni vart slått av i dei siste Søderberg-omnane i ÅIII, så var dette den femte og siste – og største – seksjonen som vart stengd ned. Elektrolysesjef Per Arinn Solli og driftsjef Helge Rørvik kjenner seg trygge på at dette går bra. Men å stengje eit Søderberg-anlegg handlar om mykje meir og noko langt meir komplisert enn berre å slå av strømmen.

– I røynda er det ein omfattande prosess som involverer alle nivå i organisasjonen vår. I tillegg til at dette er krevjande reint teknisk og fører med seg mykje ekstraarbeid, så må vi og sjå til at alt vert gjort på ein trygg måte. Her er det til hjelp at vi mellom anna har gjort ei rad "sikker-jobb"-analyser før arbeidet vart sett i gang, og involvering av alle skift og einingar i planlegginga. Det er og viktig at dei som gjer arbeidet er godt motivert heilt fram til den aller siste arbeidstimen. I ÅIII har det ikke vore noko teikn til demotivering. Snarare tvert om. Innsatsen har vore særs god! understrekar Solli.

Godt metall, nye anodar

For å få til ei på alle måtar god nedstenging av elektrolysecellene vert anodeboltane sette i eit bestemt mønster, så vert påfyllinga av søderbergmasse trappa ned. Siste skiftet før nedstenging vert badet tappa av, anodane senka ned i metallet, strømmen slått av og seksjonen laska ut. Dette går føre seg i seksjonar i hallen.

– Måten vi går fram på, har som siktemål at vi skal få tappa ut mykje metall som held god kvalitet og at det som er att av anodane skal kunne resirkulerast og seinare nyttast i prebake-anlegg, forklarer Solli.

Han legg til at erfaring frå tilsvarande nedstenging av Søderberg-anlegg i Sunndal og Høyanger har vore til nytte, sjølv om tilhøva i ÅIII-anlegget og har kravd heilt spesielle modifikasjonar. I Årdal har dei nytta ein utkoplingsmetode der alt badet vert tappa av med tanke på gjenbruk i Qatalum.

Per A. Solli kallar arbeidet med omstilling for om lag 100 tilsette i ÅIII for "eit godt løp".

– Det har vore ei organisatorisk utfordring. I og med at nye verksemder vert skipa, så som dørfabrikken Dooria og solenergiverksemda Norsun, var "timinga" god, og det har heile vegen vore ein stor føremonn at dei tillitsvalde har medverka på ein særs konstruktiv måte, legg han til.

Dobbel merkedag

– At det same dag som Søderberg-anlegget stoggar, vert lagt ned grunnstein for Norsun, gjer 13. juni til ein dobbel merkedag i Årdal, sier fabrikksjef Wenche Agerup.

– I våre dagar er det ikkje ofte at ny industri vert skipa i Norge. Vi gler oss over at det skjer i Årdal. Nedlegginga av Søderberg-anlegget er samstundes eit døme på at det er ein føremon å restrukturere i gode tider: Folk har nye jobbar å gå til. Vi har heile tida hatt som ambisjon å unngå at nokon skal gå ledige. At dette lukkast så bra, er nesten i overkant av kva vi hadde rekna som realistisk, seier hun.